Vevhovud for Forskningstorget 2010

Lenke til Forskningsdagenes nettsted

Meny

Forside
Om Forskningstorget
Explore the Oslo Science Fair
Kart over området

Norsk Ordbok, Universitetet i Oslo

Lag ordbok med oss!

Open bokHar du lyst til å sjå korleis ei ordbok blir til? I bua til Norsk Ordbok lagar vi ordbok av publikum sine eigne ord. Du blir med på heile prosessen!      

Norsk Ordbok 2014, som til dagleg lagar ei stor, vitskapleg dokumentasjonsordbok over nynorsk språk og norske dialektar, inviterer alle som kjem på Forskingstorget, til å vere med på å lage ordbok. Ta med eit ord frå dialekten din, så legg vi det inn i systemet vårt via ein elektronisk redigeringsapplikasjon. Til slutt kjem ordet ut på ein stor skjerm, som ein ordentlig ordboksartikkel med ordklasseinformasjon, definisjon og døme. Det blir dessutan mogleg å skrive ut artikkelen, slik at kvar og ein kan få med seg det ferdige produktet heim.

På laurdagen blir det i år som i fjor eit etymologipanel. Her kan du stille spørsmål om opphavet til eit ord direkte til tre skarpskodde språkforskarar. Lurer du på kvar orda våre kjem frå? – Ta dei med og kom til bua vår på laurdagen!         

I tillegg til alt dette kan du søkje i dei elektroniske databasane til Norsk Ordbok, bla i dei åtte banda av ordboka som er komne ut så langt og elles spørje oss om alt som har med norsk språk å gjere.

Norsk Ordbok, Universitetet i Oslo
Kontakperson: Andreas Tandberg
E-post: andreas.tandberg@iln.uio.no
Telefon: 22855753
http://www.no2014.uio.no/


Utskriftsvennlig versjon

Søk på Forskningstorget

 

Forskningstorget 2010:
Åpningstider:
Fredag 24. sep. kl. 09.00 - 16.00
Lørdag 25. sep. kl. 10.00 - 17.00

Prosjektgruppe:
Høgskolen i Akershus (prosjektledelse)
Høgskolen i Oslo
Universitetet for miljø- og biovitenskap
Universitetet i Oslo

Kontakt:
Prosjektleder: Kjersti Thoresen
Tlf. 41 69 21 05
Abonner på nyheter via RSS